
Samarbeid med Afrika i Horisont Europa og arbeidsprogramma for 2026 og 2027
- Passer for:
Forskara og rådgivarar
- Digitalt:
Arrangementet strømmes
Om arrangementet
Dette webinaret er for forskarar og administrativt tilsette som vil samarbeide med afrikanske partnarar om forsking og innovasjon. Her lærer du kva moglegheiter Horisont Europa gir for støtte til slikt samarbeid.
EU ønskjer å styrkje samarbeidet med Afrika. Målet er å utvikle løysingar som passar lokale forhold og kan hjelpe mot utfordringar som ofte rammer Afrika hardast.
Horisont Europa har mange utlysingar som passar for samarbeid med Afrika. EU-kommisjonen skal presentere "Africa Initiative" for 2026 og 2027. Temaa er valde på bakgrunn av det EU og Den afrikanske unionen vart samde om i 2020, og omfattar folkehelse, grøn omstilling, innovasjon og teknologi, og styrking av vitskapleg kapasitet.
Program
- Velkommen, kort intro v/Forskingsrådet
- EU-Afrika-samarbeid i Horisont Europa – Afrika-initiativet v/Europakommisjonen - DG Research & Innovation
- Korleis utnyttar norske aktørar moglegheitene? Erfaringar og best practice
- Innlegg frå norske aktørar
- Diskusjon, spørsmål og svar
- Kort oppsummering
Meldinger ved utskriftstidspunkt 7. januar 2026, kl. 07.34 CET